Johanne Kolstad

Den sterke historien om skihopperen Johanne Kolstad har åpnet på Valdres Folkemuseum i Fagernes! Velour har utformet utstillingen.

"1930-talet var ei brytningstid for norsk kvinne-idrett, i skisporet og hoppbakkane. Men var det eigentleg plass til kvinnene i Idretts-Noreg? Haldningane dei møtte, varierte. Publikum hylla dei, medan idrettsforeiningane heldt kvinnene på god avstand. Kvinnene kunne gjerne sysle med idrett for moro. Trening og rå muskelkraft høyrde menn til. Idrett gjer gutar til menn, medan idrett gjer kvinner maskuline, skriv idrettsforskar Gerd von der Lippe. Er kvinner med musklar verkelege kvinner?

Skepsis til kvinnelege idrettsutøvarar møter vi også i dag – som for 80 år sidan. Kvaliteten er ikkje god nok, blir det sagt. Har vi kome særleg lenger? Tek vi kvinnelege idrettsutøvarar på alvor?

Skihopparen Johanne Kolstad (1913–1997) var eit unnatak. Ho gjekk på tvers av kvinnerolle og samfunnsnorm. I retur møtte ho utestenging og diskriminering. Likevel vart ho eit ikon og eit førebilete". 
Ole Aastad Bråten og Knut Aastad Bråten