Dei store forteljingane

"Dei store forteljingane" er åpnet på Valdres Folkemuseum. Med utstillingen ønsker Valdresmusea å drøfte livserfaringer utenfor komfortsona. 

Om utstillingen:
"Dei store forteljingane er ei utstilling om fire menneske og deira sterke historier, fortalt av dei sjølve. Her er ingen kritiske motspørsmål, og informantane sine stemmer får bere det tekstlege innhaldet åleine. Subjektivt, vil du kanskje seie? Ja, i høgste grad, men informantane sine opplevingar er høgst reelle, uavhengig av objektiv sanning, uavhengig av kva andre måtte meine. 

Lagnaden til dei fire vart utanforskapen. Men forteljingane til Natalie, Berit, Arne og anonym handlar ikkje berre om liva deira, på utsida av majoritetssamfunnet. Forteljingane speglar også deg og meg, lokalsamfunnet vi alle er del av, bygda som skal vere staden for oss alle."

Tekster er ved Knut Aastad Bråten og Alice Gudheim. Foto og utforming ved Velour. I forbindelse med utstillingen har vi også laget en katalog der bildene og tekstene fra informantene står i sin helhet. 

Utdrag fra tekstene: 
"Eg er 13 år. I heimen bognar det av alkohol og piller. Og det er enkelt å forsyne seg. Far min – ein gamal småkjeltring – drikk mest heile tida. Det same gjer òg fleire andre i familien. Mor mi drikk rett nok ikkje, men er prega av misbruket gjennom mange år." 
Anonym

"Ei jente sprang etter meg med balltre og skulle drepe meg. Dei pissa i skorne mine. Øydela kleda mine med stinkande spray. Piska meg med handkle i dusjen, gøymde kleda mine. "
Natalie

"Det ville vore naturleg at nokon av dei hadde sett ned foten, stilt nokre kritiske spørsmål, bedd om å få høyre kva eg hadde å seie. Men dei var alle tause."
Arne

"Eg tenkjer at noko av meininga med livet er at vi skal lære: Eg har fått eit blikk for dei funksjonshemma, eg veit noko om korleis det er å vere annleis. Og eg har lært at det i alle kroppar bur heilt alminnelege og vanlege menneske, menneske med dei same behova for kjærleik, respekt og samkjensle."
Berit